Vi held hjula i gong heile året

Familiesatsinga Hoddevik&Drage kan hjelpe deg med det meste innan bil. Vi har lang erfaring innan transport og bilservice. 

Vi held hjula i gong heile året

Familiesatsinga Hoddevik&Drage har lang erfaring med ulike tenester knytt til bil og transport.

Vi held hjula i gong heile året

Familiesatsinga Hoddevik&Drage har lang erfaring med ulike tenester knytt til bil og transport.

Tone og Werner Hoddevik Drage

Vi kan hjelpe med:

Hos Hoddevik & Drage på Stadlandet får du hjelp til det meste. Her er fleire ulike firma samla under same tak. Bak satsinga står den eldste sonen Hans Ole, mora Tone, faren Werner og dei to yngste Frank Anders og Mona Pernille. 

Hos Hoddevik&Drage på Stadlandet får du hjelp til det meste innan bil. Her er fleire ulike firma samla under same tak. Bak satsinga står den eldste sonen Hans Ole, mora Tone, faren Werner og dei to yngste Frank Anders og Mona Pernille. 

Det var aukande etterspørsel etter våre tenester, og då ungdommane valde å flytte heim etter endt skulegang, vart valet om å satse og samlokalisere enkelt. Werner har jobba som bilmekanikar i 25 år ved sidan av å drive med vare- og persontransport. Tone og Hans Ole tek seg av det administrative.

Hans Ole har også ansvar for graving og lastebiloppdrag i firmaet Stad Maskin AS, som han er medeigar i. Frank Anders tek seg av den daglege godstransporten. Mona Pernille hjelper til der det trengs. Saman er vi eit godt team som utfyller kvarandre og står klar til å hjelpe deg.

Vi er målbedrift i Siva sitt nasjonale næringshageprogram og har eit godt samarbeid med Sparebanken Vest.

Hos Hoddevik&Drage på Stadlandet får du hjelp til det meste innan bil. Her er fleire ulike firma samla under same tak. Bak satsinga står den eldste sonen Hans Ole, mora Tone, faren Werner og dei to yngste Frank Anders og Mona Pernille. 

Det var aukande etterspørsel etter våre tenester, og då ungdommane valde å flytte heim etter endt skulegang, vart valet om å satse og samlokalisere enkelt. Werner har jobba som bilmekanikar i 25 år ved sidan av å drive med vare- og persontransport. Tone og Hans Ole tek seg av det administrative.

Dragehallen

Du finn følgjande firma under Hoddevik&Drage

Drage Auto AS er ein godkjent bilverkstad for person- og varebil inntil 7500 kg. Werner har 25 års erfaring som mekanikar og tek seg av verkstaden. Drage Auto driv også med bilutleige, sal av bruktbilar og dekkhotell.

Drage Transport tilbyr vare- og persontransport til private og bedrifter. Werner starta firmaet for 20 år sidan. Vi er også lærebedrift i yrkessjåførfaget, og Hans Ole og Frank Anders har hatt læretida si her.

Stad Drivstoff AS sørgjer for drivstoff til dei som bur og arbeider på Stadlandet og alle dei som kjem for å oppleve Stadhalvøya.

Tone Hoddevik og Drage
Werner Hoddevik og Drage
Hans Ole Hoddevik og Drage
Mona Pernille
Leidulf Hoddevik og Drage
Svingane Hoddevik
Svingane Hoddevik

Om Stadlandet

Stadlandet er ein del av Stad kommune. Skal du besøke Stadlandet er det mange plassar som er verdt eit besøk. På Stadlandet finn du blant anna dei ikoniske surfeparadisa Hoddevik og Ervik. Her finn du også Vestkapp, som er det vestlegaste fjellplatået i Noreg. Tek du deg ein køyretur til Selje kan du besøke Selja Kloster, berre 15 min med båt ifrå Selje sentrum.

Vi tilbyr tenester som gjer det enkelt for deg å oppleve alt det Stad kommune og Stadlandet har å tilby. Sjå gjerne våre tips til nettstadar å besøke om du ynskjer meir informasjon. 

Om Stadlandet